Sunday, October 25, 2009

DAMENE PÅ BY`N

I går trefte eg Irene i Oslo. Ho ville hjelpe meg å finne jakke :) Eg prøvde ein del ulike, men endte til slutt opp med denne ei Stormberg-jakke. Godt nøgd, så no håper eg den ikkje skuffar meg ;)
Når jakka var i boks lufta eg ideen om å reise på ein brudebutikk (Agape). Etter 50 min. med gåing og leiting fann me den. Desverre var den stengt, så me må prøve lykken der ei anna gong...

Då butikken var funnen var me gode og svoltne. Me endte då opp på:
Her åt me ein god og sterk - "Rio Grande". Var veldig god. Etter at me hadde såtte på Peppes ei stund foreslo Irene at me kunne gå på kino. Og det gjorde me. Me såg "Engelen"
- utruleg sterk film. Annbefalar ikkje filmen som underholdning, men meir som ein tankevekkar...

Me avslutta dagen med ein brus på Deli De Luca:)

Takk for ein fin og innhaldsrik dag Irene!!

0 kommentarar som varmar hjarta mitt: