Ein ting som er positivt med å vera pendlar er at ein får med seg ulike ting som foregår i hovudstaden. Ein dag eg skulle heim og måtte vente nokre minutt før toget mitt gjekk, fekk eg "pausemusikk" på Oslo S av Jernbanens musikkorps.
Fin oppmuntring i ein elles hektisk kvardag!
I år arrangerte NSB prosjektet om å bygge verdens lengste pepperkake-tog. Eg fekk sneke meg til eit bilete mens dei haldt på rydde vekk. Det vart eit tog på 206 meter og inneheldt 617 vogner. Du kan lese meir her: NSB pepperkake-tog.
Og så til slutt ein artig sak i desse smørtider...
står i vegen for at eg skal nå toget mitt. MEN i dag skjedde det. Eg hadde 3 min. til toget gjekk og eg visste at eg måtte springe for å nå det. Så når eg rundar hjørnet og skal springe inn på oppsida av Nationaltheater-stasjonen blir eg stoppa av ei politikvinne som ber oss vente nokre sekund. Mens eg står der og trippar med blikket på på klokka mi, stig Hans Majestet Kongen ut av bilen med tre vaktar på "slep"... Det går nokre sekund, og me slepp inn på stasjonen, men kjem ikkje så mykje lengre når me må stå i kø bak kongen i rulletrappa (for de som tenker; "kvifor ikkje berre ta den vanlege trappa?" - så er det ikkje noko anna trapp en rulletrapp der.) Klokka tikkar og går og det er berre 1 min. til toget går. Når me var nede var det berre å sette inn høgste giret og spurta forbi Kong Harald og hans hjelparar for å nå toget. Då dørene går igjen sitt ei anpusten og sveitt Ingrid på toget heim! Puh.. Gjekk akkurat!